Klargjør siden...

Varetekt for kvinne som kasta kake på Horne

(NPK-NTB): Ei britisk kvinne som er sikta for å ha kasta kake på statsråd Solveig Horne (Frp), må sitte fire veker i varetekt, ifølgje rettsavgjerda frå Oslo tingrett.

Den britiske kvinna kasta ei kake på statsråd Solveig Horne (Frp) under Oslo Pride-paraden laurdag.

Politiadvokat Signe Aalling i Politiets tryggingsteneste (PST) opplyser til NRK at kvinna er britisk statsborgar, og at ho er sikta for «angrep på demokratiet».

Påtalemakta bad om fire vekers varetekt for den britiske kvinna, som ifølgje forsvararen sin ikkje har erkjent å ha gjort det ho er sikta for. (©NPK)

Annonse