Klargjør siden...
Annonse

Vasalopp-sigeren vart lønnsam for Slind

Astrid Øyre Slind gjekk Vasaloppet i langrenn i rekordfart. Det utløyste ein ekstrabonus. Til saman fekk ho 148.000 svenske kroner for triumfen.

Vinnartida stoppa på 3.50.06,4 etter ni mil. Lina Korsgrens løyperekord frå i fjor lydde på 3.52.08,2.

Vinnaren av Vasaloppet for kvinner er sikra 98.000 svenske kroner. Løpsrekordar gir ytterlegare 50.000.

Slinds siger var den første norske triumfen på damesida sidan 2014. Då vann Laila Kveli. Kveli vann også i 2013, medan det i 2012 vart siger til no avdøde Vibeke Skofterud.

(©NPK)

Noregs Astrid Øyre Slind vann dameklassa i Vasaloppet. Foto: Ulf Palm/TT / NTB

Annonse