Våt og vindfull jul i vente

(NPK-NTB-Bibiana Piene): Julevêret kan summerast opp slik: Vått, vilt og ikkje spesielt vakkert. Men 2. juledag kan det bli ein snev av snø.

– Det ser ikkje særleg lystig ut, konkluderer vakthavande meteorolog Kristen Gislefoss ved Meteorologisk institutt.

Bing Crosbys draum om ei «White Christmas» kan verke lenger unna enn nokon gong. I staden kan ein trygt snakke om grøne og glitrande juletre – av regn vel å merke.

På Vestlandet er det venta liten storm utsette stader og mykje nedbør, og også nordpå må folk belage seg på å halde på hatten når går til kyrkja.

Ei rekkje stader er det også meldt om glatte vegar og vanskelege køyreforhold, medan vasstanden er langt over normalen fleire stader, særleg på Nordvestlandet.

– Her vil den liggje på ein halvmeter over normalen, opplyser statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Værvarslinga på Vestlandet til NTB.

– Då er det venta eit stormsenter som kan gi kraftig vind på kysten og utsette stader i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, med vindkast opp i 25– 30 meter per sekund, seier Fagerlid.

Men 2. juledag vil ein kaldare værtype sige inn over det meste av landet og gi ein smak av vinter og julestemning.

Både på Vestlandet og i Nord-Noreg vil det komme snø, og det same kan skje både på Austlandet, Sørlandet og i Telemark.

– Men dette er veldig usikkert. Det blir i tilfelle veldig kortvarig, seier Gislefoss.

– Snøen er borte før det nye året tek til, konstaterer statsmeteorolog Justina Wodzyczko ved Værvarslinga for Nord-Noreg. (©NPK)

Annonse