Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Statens vegvesen fryktar at så mange som 50 personar vil omkomme i trafikken i sommarmånadene. I første halvår i år har 63 mista livet på vegane – 16 fleire enn på same tid i fjor.
npk@npk.no
Publisert: 07.07.2016 kl 14:51
Statens vegvesen fryktar skyhøge dødstal på norske vegar i sommar.
Berre i juni omkom 16 personar, noko som er ni fleire enn same månad i fjor. Og berre gjennom dei fire første dagane av juli mista seks personar livet.
– Vi har inga umiddelbar forklaring, seier Rita Helen Aarvold – som arbeider med trafikksikkerheit i Statens vegvesen.
I ei pressemelding opplyser Vegvesenet at dei fryktar rundt 1.700 trafikkulykker med opp mot 50 drepne gjennom sommaren. Statistikken viser at éi av tre dødsulykker på vegane skjer i dei tre sommarmånadene.
– Ulykkene er mange og konsekvensane alvorlege i sommartrafikken. Auka trafikk betyr auka risiko. Vi som ferdast på vegane har alle eit felles ansvar for å bidra til trafikktryggleiken, seier Aarvold.
Ein gjennomgang av sommartrafikken i juni, juli og august dei siste fem åra viser at det i snitt døyr 49 personar, og at rundt 2.000 personar vil bli skadd i trafikken i juni, juli og august. (©NPK)