Klargjør siden...
Annonse

Vegvesenet trur raset i Granvin har stabilisert seg

(NPK-NTB): Statens vegvesen trur dei mest ustabile områda langs raset i Granvin no har rast ut, fortel NRK.

– No trur vi at raset har stabilisert seg. Jordmassane blir meir og meir stabile jo lengre vekk ein kjem frå Granvinsvatnet, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Lars Magnar Røneid, til NRK.

Røneid trur at fylkesvegen og husa på oversida står trygt. Vegvesenet vil likevel tilby bebuarane i dei nærmaste husa å overnatte på hotell viss dei føler seg utrygge. No skal geoteknikarar vurdere om husa på Holven står trygt.

– Eg vil seie at det er nesten som ein katastrofe her, seier nabo Lars Eirik Holven til NRK. Det sig heile tida, og kjem nærmare og nærmare.

200 meter av riksveg 13 mellom Granvin og Voss raste ut i vatnet onsdag kveld. Torsdag har det gått fleire mindre ras.

Riksveg 13 kjem til å vere stengt i lang tid. Vegen går over Hardangervidda og er ein av hovudvegane mellom Bergen og Oslo.

Personbilar køyrer no på ein asfaltert sykkelsti på andre sidan av vatnet. (©NPK)

Annonse