Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Veidekke Entreprenør har fått oppdraget med å sette opp råbygget til det nye Munchmuseet i Bjørvika i Oslo.
npk@npk.no
Publisert: 20.05.2016 kl 15:22
Kontrakten er verdt 200 millionar kroner, opplyser Oslo kommune.
– Vi har gjennom dei krevjande grunnarbeida for nytt museum allereie etablert eit godt samarbeid med Veidekke, og vi ser fram til å vidareføre det inn i den neste og viktige fasen for bygget, seier administrerande direktør Eli Grimsby i Kultur- og idrettsbygg (KID).
Det nye Munchmuseet skal bestå av eit tårnbygg på 13 etasjar med sju utstillingssalar, magasin, konservering og takterrassar i tillegg til eit podium på tre etasjar med lobby, butikk, kafé, klasserom, bibliotek og fleirbrukssal. (©NPK)