Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Dei fleste norske lakseelvane melder om kraftig vekst i fangsten av storlaks i sommar. Dermed ser veksten frå i fjor ut til å fortsette.
npk@npk.no
Publisert: 02.08.2016 kl 07:35
I 2015 vart det tatt 21 prosent meir laks i dei norske elvane enn året før. Hittil i år melder fleire elvar om ein vekst på 30 til 50 prosent samanlikna med i fjor, skriv Nationen.
I Finnmark og på Austlandet blir det meldt om fleire elvar der den samla fangsten frå i fjor allereie er overgått. Numedalslågen ligg an til å få sin beste sesong på 15 år.
– Vi har ved månadsskiftet juli/august i år fiska 15 tonn mot 10 tonn på same tid i fjor, altså bortimot 50 prosent auke. Vi må tilbake til 2002 for å finne ein like god sesong som det ser ut til å bli i år, seier leiar Asle Granerud i Numedalslågen forvaltningslag. Han seier gytebestanden ligg an til å ende på 160 prosent av det fastsette målet.
Også på Sørlandet, i Sogn og Fjordane, Trøndelag og Nordland er det betydeleg vekst i fangsten i fleire vassdrag. I Hordaland er det derimot fleire elvar der fangsten er mindre enn i fjor.
I fjor vart det fiska totalt 195.000 laks, sjøaure og sjørøye i dei norske elvane, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.