Klargjør siden...

(Vele 24 – dataspel 1 – terningkast 6) Kanskje det beste strategispelet nokon gong

(NPK-NTB Tema): Dette er andre verdskrigen på premissane til Paradox.

Utviklaren Paradox er kjend for å laga komplekse spel som krev dedikasjon. «Hearts of Iron IV» er ikkje noko unntak, og faktisk krevst det at du brukar fleire timar på å læra deg dei mange funksjonane og mekanikkane til spelet. Det kan verka umogleg i starten, men om du skulle klara å bestiga fjellet, er det ekstremt mykje som ventar deg.

Med eit kampsystem som krev at du held styr på produksjon av våpen, sanking av ressursar og ei vernepliktig befolkning, tilbyr «Hearts of Iron IV» svært djupe mekanikkar for krigføring. World Tension-mekanikken som bestemmer kor nær verda er på randa av krig, gjer at ein får ulike gjennomspelingar som allierte og aksemakter, sidan demokratiske statar først får tilgang til visse lover og reglar når ein nærmar seg konflikt. At kvart stort land har eit idétre som gjer at du kan spela historisk eller alternativt, gjer kvar gjennomspeling unik.

Med tallause moglegheiter, flott musikk og grafikk, og eit djupt system for krigføring og statsbygging, blir «Hearts of Iron IV» eitt av dei beste strategispela nokon gong. Det er inga enkel bragd.

Annonse