Klargjør siden...

Vellykka oppskyting av Sør-Koreas første militære satellitt

Sør-Koreas første militære overvakingssatellitt vart fredag skoten opp frå ein base i California.

Satellitten var festa til ein Falcon 9 bererakett frå SpaceX og vart skoten opp frå Vandenberg-basen i California.

Satellitten er Sør-Koreas første militære overvakingssatellitt, og han vart skoten opp halvanna veke etter at Nord-Korea stadfesta at dei hadde sett ein overvakingssatellitt i bane rundt jorda.

(©NPK)

Annonse