Annonse

Venezuelanarar får mellombels opphald i USA

Amerikanske styresmakter planlegg å gi mellombelse opphaldsløyve til venezuelanarar som allereie har flykta til USA.

Tryggingsminister Alejandro Mayorkas set Venezuela på lista over land med spesiell vernestatus. Den gjeld i 18 månader fram til september 2022, opplyser departementet hans.

Dermed kan venezuelanarar, og personar som hadde si førre bustadadresse i Venezuela, som for tida bur i USA, søkje om opphaldsløyve. Får dei det, kan dei til dømes søkje jobb.

Regjeringa reknar med å få om lag 320.000 søknader.

– Levevilkåra i Venezuela viser at det er eit land som er i opprør og ikkje er i stand til å verne sine eigne innbyggjarar, seier Mayorkas.

Venezuela er låst i ein maktkamp mellom president Nicolas Maduros regjering og opposisjonen leidd av Juan Guaidó. Den politiske situasjonen har ført til ei alvorleg økonomisk krise i det oljeriket landet.

(©NPK)