Ventar skikkeleg nedtur for Statoil

(NPK-NTB): Det første kvartalsresultatet frå Statoil i år kjem onsdag. Det store spørsmålet er ikkje om det blir ein nedtur, men kor stor nedturen blir.

– Forventningane etter første kvartal ligg på ein tredel av det Statoil leverte i fjerde kvartal 2015, seier aksjeanalytikar Christian Yggeseth i Arctic Securities til NTB.

I forkant av presentasjonen har Statoil henta inn forventningar, inntenings- og produksjonsestimat frå 26 aksjeanalytikarar. Ein samla analyse anslår driftsresultat til 710 millionar dollar, med eit netto tap på 40 millionar dollar etter skatt. (©NPK)

Annonse