Klargjør siden...

Venus Williams ute av Wimbledon – skreik av smerte

Tennisikonet Venus Williams (43) skadde seg og tapte i strake sett for ukrainske Elina Svitolina i 1. runde av Grand Slam-turneringa Wimbledon.

Svitolina vann kampen over ein bandasjert Williams med 6-4, 6–3 på hovudbanen i London. Allereie etter to spelte games var uhellet ute for Williams, som sklei like ved nettet då ho strekte seg etter ballen.

43-åringen skreik av smerte og gjekk i garderoben, men kom ut igjen etter å ha fått kneet sitt bandasjert. Ho kjempa tappert mot den ukrainske motstandaren sin, men måtte til slutt gi tapt i sin 24. Wimbledon-deltaking. Williams fekk invitasjon til å spele turneringa.

Amerikanaren har vunne fem Wimbledon-titlar i singletennis. Dei tok ho i 2000, 2001, 2005, 2007 og 2008. Utover det har Williams to Grand Slam-triumfar i US Open.

(©NPK)

Venus Williams måtte få bandasjert kneet i kampen mot Elina Svitolina måndag. Foto: Kin Cheung / AP / NTB

Annonse