Annonse

Vera Henriksen er død

(NPK-NTB): Forfattar Vera Henriksen er død, 89 år gammal, opplyser familien til NTB.

Henriksen har ein brei og omfattande forfattarskap bak seg, mange bøker med handling frå mellomalderen og andre historiske epokar.

Ho debuterte i 1961 med boka «Sølvhammeren», som er første del av Sigrid-trilogien.

Under krigen, i 1943, blei ho rekruttert til etterretningsorganisasjonen XU saman med mellom andre mannen som seinare blei hennar ektemann, Olaf G. Henriksen. (©NPK)