Annonse

Verdscup i Telemark til Hurdal

(NPK-NTB): For første gong blir det arrangert verdscup i telemark i Hurdal til vinteren.

Dette blei vedteke under FIS-kongressen i Mexico sist veke. Før dei tradisjonelle verdscuprenna i mars, skal det arrangerast tre renna Hurdal skisenter.

– Hurdal ser dette som ei langsiktig investering. Det er viktig at vi får arrangera verdscupen på to stader i Noreg. Dette kan også syta for at det blir meir attraktivt å reisa til Noreg for utanlandske løparar og team. Vi får også seks renn i Noreg framfor tre, seier leiar for telemarkskomiteen i Norges Skiforbund, Birger Goberg.

Under FIS-kongressen i Mexico tok også Goberg over som norsk medlem i telemarkskomiteen i FIS. Under møta blei junior-VM tildelt Rjukan neste år. Denne meisterskapen vil også fungera som eit prøve-VM for 2019 i Gaustablikk. (©NPK)