Klargjør siden...
Annonse

Verdseinar Day droppar OL

(NPK-NTB-AP): Jason Day, som toppar verdsrankinga i golf, avstår frå å delta i Rio-OL på grunn av frykt for zikaviruset.

Frå før har Rory McIlroy, nordiren med fire majortitlar, takka nei til å delta i sommarleikane i Rio de Janeiro.

Day seier at det er frykta for å bli smitta av zikaviruset som gjer at han held seg heime under OL.

Den 28 år gamle australiaren seier han ikkje er villig til å ta nokon sjansar sidan han har planar om å få fleire barn.

Jason Day er den femte golfaren som avstår frå OL-spel. (©NPK)

Annonse