Annonse

Verstappen skifta motor – startar sist i Russland

VM-leiar Max Verstappen må starte sist i Russlands Grand Prix i Formel 1 søndag. Det er straff for at Red Bull-stallen har bytt motor i bilen hans.

Mercedes-bilane var raskast under treningskøyringa på fredag i Sotsji, med bestetid til Valtteri Bottas framfor VM-toar Lewis Hamilton.

Verstappen har brukt opp sesongkvoten på tre motorar, og neste motorbyte betyr då at han blir flytta bakarst i feltet til eit løp. Red Bull har valt å gjere det i Russland, der nederlendaren uansett ville bli flytta ned tre plassar frå posisjonen han kvalifiserte seg til.

Det var straffa etter at han fekk skulda for kollisjonen med Hamilton i førre helgs VM-løp i Italia.

Sjudobbel verdsmeister Hamilton jagar den femte VM-rundesigeren sin i Sotsji og den 100. totalt, men han blir hardt pressa av den finske lagkameraten sin Bottas, som neste år skal køyre for Alfa Romeo.

Verstappen var berre sjette raskast.

Også Charles Leclerc i Ferrari har bytt motor og startar i siste rekkje søndag. Det er varsla regn under kvalifiseringa laurdag.

Kimi Räikkönen er tilbake på banen i sin Alfa Romeo etter å ha mista to løp på grunn av koronasmitte.

(©NPK)

Eit motorbytte betyr at VM-leder Max Verstappen må starte sist i Russlands Grand Prix i Formel 1 søndag. Foto: Xavi Bonilla, Pool via AP / NTB