Annonse

Vestre skrytte av Kjerkol: – Store resultat skapte på di vakt

Den nye helse- og omsorgsministeren Jan Christian Vestre (Ap) hylla forgjengaren sin Ingvild Kjerkol (Ap) under nøkkeloverrekkinga fredag kveld.

Avtroppande helseminister Ingvild Kjerkol ville ikkje svare på spørsmål då ho skulle overlevere nøkkelen til Helse- og omsorgsdepartementet til Vestre.

Men ho var klar på at departementet er i dei beste hender når Vestre no overtek. Ho fortalde at ho har kjent arvtakaren sin i mange år – og at ho møtte Vestre då han var ein ung leiar i ein elevorganisasjon.

– Den krafta og det klarsynet som eg møtte då, har eg sett igjen mange gonger sidan. Vi har vore gode kollegaer dei siste to og eit halvt åra, og no skal du få gleda av å overta den aller mest meiningsfylte jobben, sa Kjerkol.

Så gav ho Vestre blomstrar og nøkkelkortet før ho fekk ein god klem tilbake.

– Store resultat har vorte skapte på di vakt

Vestre skrytte av Kjerkol og takka for jobben ho har gjort som helseminister.

– Eg trur sjeldan vi har hatt ein meir produktiv, handlekraftig, kreativ og visjonær helse- og omsorgsminister enn du har vore.

– Store resultat har vorte skapte på di vakt, sa Vestre til Kjerkol.

Han viste mellom anna til at berre sidan januar har 40.000 fleire fått fastlege no, og dessutan arbeidet hennar med psykisk helse og ny abortlov.

Ingvild Kjerkol måtte gå av som følgje av plagiat-saka. Førre fredag sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at Kjerkol ikkje har tilliten ho må ha for å kunne halde fram som helseminister.

– Eit tap for Noreg

På spørsmål frå TV 2 om korleis det er å sjå Kjerkol miste jobben, svarte Vestre at han meiner det er ei lei og trist sak.

– Det er ei trist sak for Ingvild, og eg meiner også at det er eit tap for landet. No skal Ingvild inn i nye og viktige oppgåver på Stortinget. Eg er sikker på at vi kjem til å sjå meir frå Ingvild framover, sa den nye helseministeren.

Han seier han skal halde fram det gode arbeidet som Kjerkol har gått i gang med, men at han også har eigne saker han vil prioritere.

– Det blir ein veldig viktig prioritet for meg at vi skal få ned ventetidene i det offentlege helsevesenet, betre samhandling mellom alle delane av velferdstilbodet vårt slik at ingen blir kasteballar i systemet, og ikkje minst at vi styrkjer førebyggings og folkehelsearbeidet.

– Målet må vere at folk unngår å komme på sjukehus, men når dei kjem på sjukehus og møter spesialisthelsetenesta, så skal vi tilby tenester i verdsklasse, sa Vestre.

Det vanka gode klemmer og lovord under nøkkeloverrekkinga i Helse- og omsorgsdepartementet fredag. Jan Christian Vestre (t.h.) overtek som helse- og omsorgsminister etter Ingvild Kjerkol. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Nøkkeloverrekking i Helse- og omsorgsdepartementet. Jan Christian Vestre (t.h.) overtek som helse- og omsorgsminister etter Ingvild Kjerkol. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Fredag var det nøkkeloverrekking i Helse- og omsorgsdepartementet. Jan Christian Vestre (t.h.) overtek som helse- og omsorgsminister etter Ingvild Kjerkol. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK