Klargjør siden...

Veterinærforeininga ber om reisetilskot

(NPK-NTB): Bøndene må betale store delar av reiseutgiftene til veterinærane sjølv. Veterinærforeininga meiner kostnaden heller burde dekkjast av statlege tilskot.

I dag blir det utbetalt 8,10 kroner per kilometer i reiseutgifter for gardsbesøk, mens den reelle utgifta er 18 kroner, melder Nationen.

– Tilskotssummen har stått stille altfor lenge. Underdekninga fører til at det er dyrare å drive med husdyr i distrikta, seier Gunnar Dalen i Veterinærforeininga. Om ikkje meir av besøket blir dekt, ventar ein lenger med å tilkalle veterinær, og det kan gå utover dyrevelferden.

– Tilskotet sikrar tilgjenge til veterinære tenester og bidrar dermed til god dyrevelferd og helse. I verste fall vil det bli ulønsamt å drive med husdyrproduksjon i delar av landet, seier nestleiar Brita Skallerud i Bondelaget. (©NPK)

Annonse