Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Sebastian Vettel får hyllest frå fleire kantar etter at det vart klart at den fire gonger verdsmeisteren gir seg i Formel 1 etter sesongen.
egil.sather@ntb.no/hege.grov@npk.no
Publisert: 28.07.2022 kl 15:20
Vettel debuterte i Formel 1 i USA i 2007. Sidan den gongen har han vunne 53 løp og vart verdsmeister i 2010, 2011, 2012 og 2013. Han står med 122 pallplassar framfor det ti siste løpet sine som Formel 1-førar.
Lewis Hamilton, som Formel 1-debuterte same år som Vettel, hyllar sin tyske «rival».
«Det har vore ei ære å kalle deg konkurrenten min og ei enda større ære å kalle deg min venn. Å forlate denne sporten i betre stand enn då du fann han, er alltid målet. Eg har ingen tvil om at det som kjem for deg, er spennande og meiningsfullt. Elskar deg, mann», skriv Hamilton på Twitter.
Også Mick Schumacher, som er son av Vettels gode kompis og Formel 1-legende Michael, nyttar også høvet til å takke landsmannen.
«Eg er veldig lei meg for at du gir deg, men eg gler meg samtidig til det neste kapittelet i livet ditt. Du har vore og er framleis ein veldig viktig person for meg, og eg verdset vennskapet vårt. Du er ein inspirasjon», skriv Haas-føraren.
(©NPK)
Sebastian Vettel gir seg i Formel 1 etter sesongen. Foto: Matt Dunham, File / AP / NTB
Sebastian Vettel (i midten) avsluttar Formel 1-karrieren etter sesongen. Lewis Hamilton (t.t.v) hyller kameraten. Foto: Luca Bruno, File / AP / NTB