Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Passord til vel 300.000 e-postkontoar er på avvegar etter eit datainnbrot hos Domeneshop. Selskapet ber alle ramma byte passord.
Publisert: 18.10.2022 kl 18:03
Sist oppdatert: 18.10.2022 kl 19:31
Domeneshop driv sal av nettdomene. Til VG opplyser dagleg leiar Ståle Schumacher at det berre er kundar med aktive e-postkontoar hos dei er ramma. Han fortel at data som er lekne inkluderer brukarnamn og (krypterte) passord til vel 300.000 e-postkontoar.
– Vi ønskjer å vere føre var og ber derfor alle e-post-brukarane våre om å endre passordet sitt snarast mogleg, seier Schumacher.
Til avisa seier han at dei føler at dei har god oversikt over korleis dei har fått tilgang og nøyaktig kva data dei har hatt lese-tilgang til.
– Dei har ikkje hatt skrive-tilgang til nokon data, opplyser Schumacher.
– Sjølv om alle passord er krypterte, kan det vere berre eit spørsmål om tid før dei kan bli kompromitterte. Vi beklagar på det sterkaste denne svikten i tryggleiken vår og ulempene det påfører kundane våre og brukarane deira, skriv selskapet i ei driftsmelding.
Det er ikkje kjent kven som står bak innbrotet. Schumacher opplyser at dei kjem til å dele informasjon med Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) og Datatilsynet.
(©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.