Ingen streik i staten - semje i meklinga

Det blir ingen streik i staten etter at partane kom til semje hos Riksmeklaren. Semja kjem nesten 14 timar etter den opphavlege fristen.

Viss det hadde vorte streik, ville rundt 3.700 statstilsette ha gått ut i streik.

Ifølgje LO Stat inneber semja eit høgt generelt tillegg med likelønnsprofil, ein trygg og god avtalefesta pensjon (AFP), også for medlemmer fødde etter 1962, og betre utteljing for variable tillegg i opptening av pensjon.

- Eg er tilfreds med at vi kom i mål med eit resultat utan å sende medlemmene våre ut i streik. Dette har vore ei heilt spesiell forhandling og mekling, der vi brukte altfor lang tid på å komme i posisjon for reelle forhandlingar om kjernespørsmåla, noko staten må ta mykje av ansvaret for, seier LO Stat-leiar Egil André Aas.

Fagorganisasjonane Unio og Akademikerne vart torsdag kveld samde med arbeidsgivarsida KS under meklinga i kommuneoppgjeret. Dermed vart lærarstreiken hindra.

140 tilsette i Oslo rådhus, dei fleste i byrådsavdelinga, er ute i streik etter at Akademikerne braut meklinga i lønnsoppgjeret i Oslo kommune.

Partane i staten har vorte samde hos Riksmeklaren. Foto: Ola Vatn / NTB scanpix