Annonse

VG: Norskbygd skule blir brukt som kornlager i Faryab

(NPK-NTB): Av dei 117 skulane Noreg har bygt i provinsen Faryab i Afghanistan, er berre 68 bekrefta opne. Éin av skulane blir brukt som privat kornlager.

Analysebyrået Integrity Watch Afghanistan (IWA) har undersøkt dei norskbygde skulane i Faryab. VG har fått tilgang til rapporten, som har vore ein del av grunnlagsmaterialet til Afghanistanutvalet.

I rapporten kjem det fram at 40 av dei i alt 117 norskbygde skulane i Faryab ligg i område som er så urolege at sjølv dei lokale afghanarane som skulle gjennomføre undersøkinga, meinte det var for farleg å besøkje dei.

Observatørane besøkte 77 skular. Av desse var 68 opne. Ni av skulane var heilt stengde som følgje av dårleg sikkerheit eller fordi dei var øydelagde av kampar eller flaum.

Kjelder VG har vore i kontakt med, seier skular blir brukt som alt frå fjøs til våpenlager. Éin av dei norske skulane blir ifølgje avisa brukt av krigsherren mulla Qadir som privat lager for korn og jordbruksreiskap. (©NPK)

Annonse