Klargjør siden...
Annonse
Annonse

Vibeke Fürst Haugen blir konstituert kringkastingssjef

Thor Gjermund Eriksen tar permisjon frå jobben som kringkastingssjef i tre månader på nyåret. No er det klart at avløysaren hans blir Vibeke Fürst Haugen.

Det stadfestar styreleiar Birger Magnus i NRK til Medier24.

Haugen er i dag programdirektør for NRKs Marienlyst-divisjon. Ho seier til avisa at ho ser fram til nye oppgåver.

– Eg får moglegheita til å sjå NRK frå ein litt annan stad. No blir oppgåva å sørge for at ein ikkje mistar farten, seier ho.

Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen tar permisjon for å studere ved Forsvarets høgskole frå midten av januar til påsken 2020. Eriksen seier at han er heilt sikker på at Haugen vil gjere ein glimrande jobb.

(©NPK)