Klargjør siden...
Annonse

Vieira blir etterforska for skuldingar om spark mot supporter

Det engelske fotballforbundet (FA) skal etterforske Crystal Palace-manager Patrick Vieira etter at han såg ut til å sparke til ein Everton-supporter torsdag.

Everton-tilhengjarane storma banen ved to høve i oppgjeret som laget til slutt vann 3-2 og med det heldt seg i ligaen. Då kampen vart blåst av var Vieira plutseleg midt i folkemengda, og TV-bilete viste at fleire fans konfronterte og plaga franskmannen på banen.

Ein person heldt telefonen sin opp mot fjeset til Vieira, før trenaren snudde seg og såg ut til å sparke vedkommande i beinet. Supporteren gjekk så i bakken, ifølgje The Athletic.

Vieira ville ikkje kommentere saka etterpå.

– Eg har ingenting å seie om det.

The Athletic skriv fredag at FA har sett i gang ei etterforsking av Palace-manageren, og dessutan Everton på grunn av banestorminga.

Everton-supporterane storma banen første gong då Dominic Calvert-Lewin skåra matchvinnarmålet etter 85 minutt. Det gjekk fleire minutt før kampen var i gang igjen.

(©NPK)

Crystal Palace-manager Patrick Vieira (framme) vert etterforska for å ha sparka ein Everton-supporter torsdag. Foto: Jon Super / AP / NTB

Annonse