Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Serieleiar Viking held fram på tabelltoppen, men sleit lenge med å skåre på Jervs reduserte mannskap måndag. Oppgjeret enda likevel med ein sikker 3-0-siger.
stian.grythaugen@ntb.no/kjell.asmund.sunde@npk.no
Publisert: 16.05.2022 kl 19:59
Veton Berisha skåra på straffe etter 72 minutt, medan David Brekalo sette 2–0 sju minutt før slutt framfor 15.500 feststemte siddisar i Stavanger. Innbytaren Mai Traore ville også vere med på festen då han sette 3–0 med sitt første mål for sesongen.
Det var Vikings sjette siger for sesongen og sende laget opp i 19 poeng etter åtte spelte kampar i Eliteserien. Det er to meir enn andreplasserte Lillestrøm.
Gjestene frå Grimstad gjekk ut med høgt press og lét ikkje Viking få dominere i innleiinga av kampen. Det vart likevel med eit par farlegheiter til heimelaget i første omgang, der Jerv vart redusert til ti mann.
Erlend Hustad pådrog seg sitt andre gule kort og måtte ta ein tidleg dusj etter 36 minutt.
– Eg synest vi leverte ein sterk omgang og baud opp til dans. No må vi krige i 45 minutt og sjå kva dei bringar, sa Jerv-kaptein Mathias Wichmann til Eurosport i pausen.
Zlatko Tripic var tilbake for Viking, men måtte gi seg etter berre ein omgang. Han slit framleis med lysken og vart erstatta av Kevin Kabran.
I andre omgang hadde Jerv nokre farlege kontringar, og innbytar Rodney Antwi hadde eit skot i nettveggen då Viking-målvakta Gunnarsson var feilplassert.
Mot slutten måtte Jerv gi etter for Viking-presset.
(©NPK)
Jervs Erlend Hustad fekk marsjordre i 1. omgang etter det andre gule kortet i eliteseriekampen mot Viking Foto: Carina Johansen / NTB