Klargjør siden...

Viktor Bout – ein handelsreisande i død

Våpenhandlar Viktor Bout, som vart utveksla med amerikanske Brittney Griner, har gjennom fleire tiår med lyssky affærar fått tilnamnet «handelsreisande i død».

Bout er ein av dei mest berykta våpenhandlarane i verda og blir knytt til nokre av dei mest valdelege konfliktane i verda dei siste tiåra.

Den 55 år gamle russaren vart fødd i Tadsjikistan i det dåverande Sovjetunionen. Etter å ha tenestegjort i forsvaret, byrja han å jobbe med flyfrakt på 1990-talet i kjølvatnet av Sovjetunionens kollaps, skriv BBC.

– Handelsreisande i død

Gjennom ei rekkje stråselskap skal han ha levert våpen til konfliktherja delar av Afrika. Etter å ha lese ein rapport om Bout i 2003, sa den britiske viseministeren Peter Hain at Bout var «den leiande handelsreisende i død og kontrollerte fly og handelsruter for våpen frå Aust-Europa (...) til Liberia og Angola».

– Bout er ein mineral- og våpenhandlar og transportør som har støtta opp om regimet til Charles Taylor i eit forsøk på å destabilisere Sierra Leone, heiter det i FN-dokument. Taylor var president i Liberia og vart i 2012 dømde for medverknad til krigsbrotsverk under borgarkrigen i nabolandet.

Medium i Midtausten har påstått at Bout har levert våpen til al-Qaida og Taliban. Han skal også ha levert våpen til begge sider i borgarkrigen i Angola og til krigsherrar og regjeringa i fleire andre konfliktar i Afrika.

Utlevert til USA – og frå USA

I 2010 vart han utlevert frå Thailand til USA, etter at amerikanarane to år tidlegare hadde lagt ei felle for Bout. Amerikanske agentar gav seg ut for å tilhøyre den colombianske Farc-geriljaen og sa at rakettane dei ville kjøpe, skulle brukast til å drepe amerikanske pilotar.

– Vi har same fiende, skal Bout ha svart.

I rettssaka i New York hevda Bout at han var uskuldig skulda for å drive ulovleg våpenhandel. Det trudde ikkje juryen på, og i 2012 vart han dømd til 25 års fengsel.

Ti år seinare er han altså utlevert på nytt – til heimlandet Russland, i byte mot ein amerikansk basketballspelar.

(©NPK)

I 2009 møtte Viktor Bout i retten i Bangkok etter at USA hadde kravd han utlevert. No er han utlevert igjen, denne gongen frå USA til heimlandet Russland som ein del av ei fangeutveksling. Arkivfoto: Apichart Weerawong / AP / NTB

Annonse