Klargjør siden...
Annonse
Annonse

Viktor Hovland i ball med kameraten Matthew Wolff

Den norske golfproffen Viktor Hovland er tilbake på golfbana etter ei veke med spelefri og innleier sitt US Open i New York torsdag ettermiddag.

Viktor Hovland er klar for sin første US Open som profesjonell. Han tok ein sensasjonell 12.-plass som amatør under fjorårets turnering.

Hovland skal spele saman med den gamle skulekameraten sin frå tida på Oklahoma-universitetet, amerikanske Matthew Wolff (21). Også amerikanske Rickie Fowler (31) som også har lært golfen sin på universitetet i Oklahoma går i same ball, som det heiter på golfspråket.

Dei tre startar runden sin frå hol nummer 1 13.38 lokal tid, det vil seie 19.38 norsk tid.

På den andre runden fredag slår dei tre ut frå hol nummer 10 kl. 08.18.

Det er ein merittert trio som skal gå saman på dei to første rundane. 31 år gamle Fowler står med fem sigrar på PGA-touren. Han har ein 2.-plass som best frå US Open i 2014.

21 år gamle Wolff har som Hovland éin siger på PGA-touren.

Årets US Open skulle opphavleg gått i juni, men måtte flyttast på grunn av koronapandemien. Turneringa er den andre av dei fire såkalla Major-turneringane i sesongen.

Amerikanske Gary Woodland er regjerande meister.

Turneringa blir spelt utan publikum, og det gir mange spelarar ein uverkeleg atmosfære som dei ikkje taklar heilt.

– Uheldigvis er dette den nye røyndommen vår, sa den gamle golfstorheita Tiger Woods.

Woods jaktar den 16. majortittelen sin, men klarte ikkje ein gong cuten under PGA-meisterskapen.

(©NPK)

Viktor Hovland er klar for sin første US Open-turnering som profesjonell og skal spele saman med sin tidlegare skulekamerat Matthew Wolff i US Open i New York torsdag. Foto: John Bazemore / AP / NTB