Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Salet av DNA-testar til heimebruk aukar kraftig i Noreg, men Bioteknologirådet vil forby foreldre å bruke gentestar på barna sine.
npk@npk.no
Publisert: 22.10.2015 kl 07:22
– Vi meiner det ikkje skal vere lov å teste barn med mindre det skjer innanfor helsevesenet. Dette er personopplysningar vi meiner barnet sjølv må råde over frå dei er 16 år, seier leiar for Bioteknologirådet og tidlegare SV-leiar Kristin Halvorsen til NRK.
Ein gentest kan svare på om barn har muskelanlegg for uthald eller sprint, og dermed også kva barnet kan bli best på innan idrett. Sidan i fjor har slike DNA-testar vore i sal på norske apotek.
Det er berre eit tidsspørsmål før dei blir tekne i bruk på barn, meiner Lars Engebretsen, forskingsleiar i Den olympiske komité og professor ved Idrettshøyskolen og UiO.
– I USA blir slike testar brukt av foreldre som har store ambisjonar på vegner av barna, for å sjekke om dei har best anlegg for uthald eller sprint, seier han.
Så langt i år er det selt over 10.000 DNA-testar frå 450 apotekar og frå importør. Det er ein salsauke på 50 prosent frå i fjor, opplyser selskapet Swereco som leverer testane.
Swereco Norge, som leverer DNA-testar til norske apotekar, ser ingen grunn til å forby dei.
– Vi må ha tillit til at befolkninga og foreldre ikkje brukar desse testane på barn. Dette er framtida, å prøve å stanse teknologiske framsteg er særdeles dumt, seier administrerande direktør Henning Rytterager. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.