Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Lova forbyr norske kommunar å bruke inntekter frå rike hamner til anna enn hamneføremål. No skal eit utval vurdere om ordninga kan endrast.
npk@npk.no
Publisert: 30.06.2016 kl 19:34
Oslo hamn er Noregs desidert rikaste hamn med verdiar for 5,1 milliardar kroner. Til saman har norske hamner verdiar for over 16 milliardar som lovverket forbyr kommunane å bruke til anna enn hamneføremål, skriv Kommunal Rapport.
– Delar av verdiane til hamna bør gå til bykassa, seier Oslos byråd for eigarskap og næring, Geir Lippestad (Ap).
Regjeringa er i ferd med å sette ned eit utval som skal vurdere endringar i hamne- og farvatnlova. Det kan bety at regelen om at hamnekapitalen berre kan brukast til hamneføremål, står for fall.
Hamnene får ikkje lov til å investere i anna enn hamneføremål, men får sjølv mykje av inntektene frå anna verksemd. Det viser ein gjennomgang av rekneskapane til dei ti hamnene med størst omsetning.
Samla for desse ti kjem 46 prosent av inntektene frå utleige av fast eigedom, altså tomter og bygningar. 44 prosent av inntektene kjem frå avgifter, vederlag, kranleige og andre inntekter direkte knytt til skipsstopp. «Andre salsinntekter» utgjer 4 prosent og «anna» 6 prosent. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.