Vil ikkje opne for lisensfelling av kongeørn

(NPK-NTB): Miljødirektoratet vil ikkje gå inn for lisensfelling av kongeørn slik det i dag er tillatt for bjørn, ulv og jerv.

Direktoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet levert ei tilråding knytt til forvaltinga av kongeørn. Hovudkonklusjonen er at det ikkje er grunnlag for å gjere vesentlege endringar i forvaltinga av kongeørna.

– Vår konklusjon er at lisensfelling ikkje er eigna for kongeørn. Skadar på husdyr frå kongeørn vert ofte gjort av enkeltindivid i avgrensa område. Eit meir generelt tilgjenge til å felle kongeørn i form av lisensfelling vil ha ein avgrensa skadereduserande effekt, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.

Utrekningar frå Rovdata viser at kongeørnbestanden ligg innanfor det vedtatte nasjonale bestandsmålet på mellom 850 og 1.200 par.

Direktoratet konkluderer også med at ein heller ikkje bør innføre ei geografisk differensiert forvalting for kongeørn, slik det er for bjørn, jerv og gaupe. Ei slik ordning inneber at somme område er prioritert for rovdyra, medan det er lågare terskel for å felle rovdyr utanfor desse områda. Ettersom kongeørna beveger seg over store avstandar, er ein denne ordninga ikkje eigna for henne, meiner direktoratet. (©NPK)

Annonse