Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Familiar med barn som ikkje går i barnehage, bør få folk frå kommunen på heimebesøk, foreslår regjeringa.
npk@npk.no
Publisert: 08.04.2016 kl 17:17
I talen til Høgre-landsmøtet fredag varsla partileiar Erna Solberg ei tettare oppfølging av dei som lèt vere å sende barna i barnehagen.
– Vi veit at barnehage gir størst gevinst for barn frå vanskelegstilte familiar, og innvandrarbarn. Dette er også gruppa som bruker barnehagen minst, sa Solberg.
Regjeringa vil leggje opp til at folk frå kommunen skal banke på døra til foreldre til barn som ikkje byrjar i barnehage.
– Ikkje for å moralisere, men for å informere om kva vi veit at barnehagen betyr for utviklinga til barna og for moglegheitene deira i framtida, sa ho. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.