Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Kenya vil stengje den gigantiske flyktningleiren i Dadaab og sende alle dei somaliske flyktningane til heimlandet innan november, opplyser den kenyanske innanriksministeren.
npk@npk.no
Publisert: 31.05.2016 kl 20:06
Flyktningleiren i Dadaab nordaust i Kenya er verdas største.
Kenyanske styresmakter har lenge varsla at dei ønskjer å stengje leiren, og tysdag kunngjorde innanriksminister Joseph Ole Nkaissery at det vil skje innan november.
Eksakt kor mange som bur i leiren har ingen oversikt over, men talet varierer mellom 350.000 og 400.000 menneske, og dei aller fleste kjem frå Somalia.
Leiren blei etablert av FN i 1991, og verdensorganisasjonen har framleis hovuddrifta av leiren saman med ei rekkje internasjonale hjelpeorganisasjonar. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.