Klargjør siden...

Vinmonopolets sjef døde fredag

(NPK-NTB): Administrerande direktør i Vinmonopolet, Kai G. Henriksen, døydde natt til fredag, 60 år gammal.

– Dette var ein veldig trist beskjed å få, sjølv om vi lenge har visst at Kai har vore alvorleg sjuk, seier Lars Sogn til Aftenposten.

Sogn er konstituert i jobben som administrerande direktør i Vinmonopolet.

Henriksen har bakgrunn både som politikar og i næringslivet, mellom anna hadde han leiarstillingar i DLA Piper, Storebrand Bank, Avanse Forvaltning og McKinsey.

Ifølgje Aftenposten fekk han kreftdiagnose hausten 2014. I april opplyste Vinmonopolet på sine nettsider at dei hadde starta prosessen med å finne ein ny administrerande direktør på grunn av Henriksens «alvorlege helsetilstand».

– Våre tankar går til hans nærmaste familie. Kai har gjennom dei siste ti åra gjort ein fantastisk jobb for Vinmonopolet, seier Sogn. (©NPK)

Annonse