Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Vipers Kristiansand mangla fleire nøkkelspelarar, men fekk likevel 28-26-siger i toppkampen mot Storhamar i eliteserien i handball.
Publisert: 04.10.2023 kl 19:57
Dermed inntok sørlandslaget tabelltoppen med tolv poeng frå seks kampar (full pott). Før oppgjeret var Storhamar framfor Vipers på målforskjell.
Vertane gjekk knallhardt ut i opninga. Etter få minutt leidde Vipers 5–0 og like etter 7–1. Til pause stod det 13–9.
Heimelaget var kjapt oppe i ein sju måls leiing etter kvilen, men Storhamar gav ikkje opp og reduserte nok gonger til 20–21. Så stokka det seg veldig for gjestene.
Fleire feil og bomskot gjer ein ikkje ustraffa mot Vipers, som svarte med å skåre seks mål på rappen.
Sjukdom og skadar gjorde at Katrine Lunde, Jana Knedlikova og Sunniva Andersen var ute av Vipers-troppen. Trass fråværet forsvarte vertane si enorme ligarekkje utan tap.
Kristiansand-klubben har ikkje stått tomhendt i eliteserien sidan nederlaget for nettopp Storhamar 26. februar 2020. Førre poengtap skjedde for to år sidan.
(©NPK)
Anna Vyakhireva i aksjon for Vipers Kristiansand mot Esbjerg i Meisterligaen sist helg. Onsdag bidrog ho til siger i toppmøtet med Storhamar. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.