Vipps er nede

(NPK-NTB): DNBs betalingsapplikasjon Vipps er ramma av tekniske problem og var onsdag kveld utilgjengeleg.

– Tenesta har vore nede sidan klokka 15.10, seier pressevakt Marit Giske i DNB til Nettavisen.

Banken veit ikkje kva feilen kjem av.

– Men vi arbeider på spreng med å rette opp dette, seier Giske.

Ifølgje DNB har 1,9 millionar nordmenn lasta ned Vipps-appen. (©NPK)