Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Pankreassjukdom er påvist eller mistenkt i 52 av dei 118 oppdrettsanlegga for laks og aure i Hordaland.
npk@npk.no
Publisert: 02.09.2016 kl 07:28
Tala kjem frå ei oversikt Bergens Tidende har henta inn frå Veterinærinstituttet, som viser kor mange stader det er innført restriksjonar på grunn av smitte eller mistanke om smitte. Restriksjonane, såkalla bandlegging, inneber blant anna at det ikkje er lov å flytte fisk inn eller ut av eit fiskeanlegg utan løyve frå Mattilsynet.
Virussjukdommen, kjent under forkortinga PD for engelske pankreassjuke, øydelegg fordøyinga til fisken, fører til høgare dødstal i merdane og spreier seg lett mellom oppdrettsanlegga.
– Lus er det største problemet i lakseoppdrett, men PD er den mest vanlege sjukdommen. Slik tala ser ut no, ser det ut til at talet på sjukdomstilfelle kjem ut på same nivå som i fjor, seier Brit Hjeltnes, som er fagdirektør for fiskehelse i Veterinærinstituttet.
I Hordaland er sjukdommen rekna som endemisk, det vil seie at han stadig oppstår i eit gitt område, og sjukdomsutbrot oppstår over alt i regionen. Regionsjef Hans-Inge Algrøy i Sjømat Norge trur det i praksis kan vise seg nesten umogleg å bli kvitt sjukdommen på Vestlandet.
– Det mest realistiske er at ein må leve med viruset. (©NPK)