Annonse

VM-bronse til debutanten Klæbo

Johannes Høsflot Klæbo tok VM-bronse i sprint i den aller første VM-starten sin. Federico Pellegrino frå Italia tok gullet.

Russiske Sergej Ustjugov tok sølvmedaljen, mens Finn Hågen Krogh måtte nøya seg med den sure fjerdeplassen.

20 år gamle Klæbo vann VM-generalprøven i Otepää sist helg og var éin av dei store favorittane før Lahti-sprinten torsdag. Der beit den urutinerte og uredde ungguten svært godt frå seg.

Dermed heldt han gode norske VM-tradisjonar i hevd. Norske løparar har framleis ikkje gått medaljelause frå ein VM-sprint på herresida.

Bronsevinnar Klæbo var for elles nær ved å ryka ut i semifinalen. Då måtte han saman med Petter Northug håpa at tida var god nok til finaleplass. Det viste ho seg å vera.

Northug gjekk seg også til finale torsdag, men var sjanselaus i medaljekampen. Langrennskongen frå Mosvika blei hekta av tidleg og fekk aldri med avgjerda å gjera.

Emil Iversen rauk ut i semifinalen.

- Dette er ein draum. Ikkje vekk meg, sa verdsmeister Federico Pellegrino etter den største arbeidsdagen i karrieren.

Sindre Bjørnestad Skar har vore i alle sprintfinalane i verdscupen denne sesongen. Torsdag gjekk han vidare frå prologen med tredje beste tid, men i kvartfinalen blei det exit også for han.

Skar gjekk i front gjennom heile heatet sitt, men Petter Northug og Sergej Ustjugov passerte han på oppløpet.

-Eg er misnøgd med denne kvartfinalen. Eg gjekk jamt fort og håpar å gå vidare på tid. Det kjennest som om det gjekk fort, sa VM-debutanten til NRK etterpå.

<p></p>

(©NPK)