Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Olav Lundanes tok to gull og tre medaljar i årets VM i orientering, men tørstar etter meir heider under NM-dagane som startar i Fauske torsdag.
npk@npk.no
Publisert: 06.09.2016 kl 12:06
Kongepokal og fleire gullmedaljar heng øvst på ønskelista.
– Eg er veldig motivert. Det er berre å håpe at kroppen og hovudet heng med, seier Olav Lundanes når han rettar blikket mot NM-veka som startar med langdistanse på Fauske på torsdag.
Sunnmøringen er spent på om forma framleis er der.
– Eg er spent på forma når det kjem så tett opp i VM. Det skal eg ikkje legge skjul på.
27. august defilerte Lundanes saman med lagkameratane Carl Godager Kaas og Magne Dæhli inn til VM-gull i stafett under VMs siste dag i Strømstad.
– Det har vore nokre dagar der eg har vore tom i hovudet og litt tung i kroppen i etterkant av VM, men dei siste tre-fire dagane føler eg at det har vore stiging i den generelle forma.
– Kongepokalen har eg alltid lyst å vinne. Den heng høgt. Og NM-langdistanse er i mine auge den viktigaste NM-distansen. Dermed blir begge dei to individuelle løpa viktige, kommenterer Lundanes, som vann sin andre kongepokal då han gjekk til topps under langdistansen på NM i fjor.
Lundanes tok eitt gull og to sølv under NM sist år. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.