Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Sander Sagosen kan vere i kamp for Kiel allereie i månadsskiftet november-desember. Dermed tyder svært mykje på at han rekk handball-VM i januar.
Publisert: 24.11.2022 kl 13:57
Sist oppdatert: 24.11.2022 kl 14:34
Sagosen pådrog seg eit brot i ankelen under ein kamp i juni. Etter dette var han gjennom to operasjonar. I sommar og haust la Sagosen ned time etter time med trening.
– Han gjer ekstraøktene sine for tida, men er også med laget. Han kan truleg spele kamp i slutten av november eller starten av desember om alt går bra dei kommande dagane, seier Kiels presseansvarlege Christian Robohm til NTB.
– Med denne typen skade vil Sander vere ute i seks til åtte månader, sa klubblege Frank Pries då uhellet var ute 5. juni.
Noreg startar VM mot Nord-Makedonia 13. januar. Så følgjer gruppekampar mot Argentina og Nederland.
Dei tre beste laga går til hovudrunden. Skulle Noreg ta seg vidare frå han, ventar kvartfinale og eventuell semifinale. Alle desse kampane går for norsk del i Polen.
Kjem Noreg seg til bronsekamp eller finale, skal han spelast i Stockholm.
Noreg tok VM-sølv i 2017 og 2019. I 2021-meisterskapen vart det ein noko skuffande sjetteplass.
Sagosen har skåra 702 mål på 137 landskampar. Det gir eit skåringssnitt på 5,12, best i Noreg.
(©NPK)
Sander Sagosen er på veg tilbake på handballbanen etter skade og operasjon. Foto: Annika Byrde / NTB