Klargjør siden...

VM-sølv til Stenshagen i Romania

(NPK-NTB): Russland og Noreg dominerte på den 15 kilometer lange fellesstarten for juniorar i Romania torsdag. Mattias Stenshagen gjekk inn til sølv.

Han kunne ikkje å gjere noko med den russiske gullvinnaren, Ivan Jakimusjkin, som kom i mål 12 sekund framfor nordmannen.

Russiske Denis Spitsov vart nummer tre.

Rennet vart fullstendig dominert av russiske og norske løparar. Vebjørn Hegdal vart nummer fire, mens Johannes Høstfløt Klæbo kom på 7.-plass.

Ivan Kirillov og Aleksander Bolsjunov vart høvesvis nummer seks og åtte.

Berre halvt norske Magnus Kim, som går for Sør-Korea, braut den russisk-norske dominansen. Han gjekk inn til 5.-plass.

Jan Thomas Jenssen enda som nummer 13.

Svenske Ebba Andersson gjekk inn til suverent VM-gull på 10 kilometer fellesstart for kvinner. Tiril Udnes Weng sikra norsk bronse. Også det rennet skulle eigentleg hatt skibyte.

Andersson gjekk i mål heile 29 sekund framfor Katharina Henning frå Tyskland. Weng var tre sekund bak henne igjen.

Den svenske vinnaren leidde frå start og var i realiteten aldri trua. Weng låg på tredjeplass i store delar av rennet, men hadde los på sølvplassen. Henning heldt unna mot slutten, og dermed vart det tredjeplass for den norske jenta.

Marthe Mæhlum Johansen vart nummer seks, mens tvillingsøstra til Tiril, Lotta Udnes Weng, kom på åttandeplass,

Martine Lorgen Øvrebust enda på tolvteplass.

I U23-rennet til kvinnene, som gjekk over ti kilometer, vart Silje Theodorson beste norske på 4.-plass.

Victoria Carl frå Tyskland vann framfor Lea Einfalt frå Slovenia og russiske Anastasia Sedova.

Elles kom Karianne Jevne på 10.-plass, mens Thea Krokan Murud og Marthe Bjørnsgaard vart høvesvis nummer 16 og 22. (©NPK)

Annonse