Annonse

Voi nattestenger ikkje elsparkesyklane trass oppmoding frå Hareide

Voi nattestenger ikkje elsparkesyklane sine sjølv om samferdselsministeren seier at han forventar at sparkesyklane blir stengde der kommunane ber om det.

– Vi meiner at vi har teknologien som kan redusere skadeomfanget til nærare null, seier talsperson Øystein Sundelin i Voi til NTB.

– Eg skjønner at politikarar som Raymond Johansen og Knut Arild Hareide og tilsette på legevakta, ikkje kjenner til kva vi kan få til med teknologien vår, og at løysinga deira er nattestenging.

Redusert fart, og dessutan ein «fylletest» i Voi-appen kan redusere skadeomfanget, ifølgje Sundelin.

Reaksjonsevna til brukarane skal testast før dei kan låse opp ein elsparkesykkel. Dette og redusert fart på natta blir innført til helga.

(©NPK)