Annonse
Annonse

Volkswagens sjefdesignar seier opp jobben

(NPK-NTB-Reuters): Volkswagens sjefdesignar Walter Maria de Silva har sagt opp stillinga si i konsernet, opplyser ei kjelde med kjennskap til saka.

Annonse

Kjelda oppgir inga grunngiving for oppseiinga, som vart lagt på bordet fredag.

Men oppseiinga er også blitt omtalt i ein reportasje i Auto Motor und Sport. Der heiter det at Silva skulle forlate stillinga i slutten av november og at ein talsmann for VW hadde stadfesta saka overfor bladet.

Volkswagen har fredag ikkje vore tilgjengeleg for kommentar for å få Silvas avgang stadfesta, og det er uklart kven som skal overta Silvas stilling.

Den 64 år gamle italienaren har vore sjefdesignar i VW sidan 2007 med ansvar for alle bilmerka i konsernet, og han har vunne Tysklands gjævaste designpris for Audi A5 i 2010. (©NPK)