Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Therese Johaug mistar moglegheita til å få revansj på Astrid Øyre Slind i Ski Classics-rennet i helga. Fottrøbbel gjer at ho trekkjer seg frå Reistadløpet.
bernt.harald.dysthe.brennevann@ntb.no/kari.hamre@npk.no
Publisert: 01.04.2022 kl 16:47
Det kjem fram i ei melding frå Team Ragde Charge.
– Therese har dessverre fått vondt i ein ankel og slit med å få på seg skisko. Då seier det seg sjølv at det blir vanskeleg å gå 50 kilometer i tungt terreng, seier manageren til laget Jørgen Aukland.
For to veker sidan prøvde Johaug seg i Birkebeinerrennet. Der vart ho toar etter å ha vorte slått av Slind, som staka seg inn til siger. Også det løpet var ein del av langløpscupen Ski Classics.
Johaug legg opp som landslagsløpar i langrenn etter sesongen.
(©NPK)
Therese Johaug i ski-NM i Harstad nyleg. Foto: Terje Pedersen / NTB