Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-DPA): Det tyske bilkonsernet Volkswagen lovar å betale rekninga for 800.000 bileigarar som er råka av CO2-jukset som vart avslørt tidlegare denne veka.
frode.kvam@ntb.no
Publisert: 06.11.2015 kl 19:59
– Volkswagen-gruppa garanterer at alle former for CO2-skatt som måtte dukke opp, skal bli kompenserte, skriv VW-sjef Matthias Müller i eit brev til finansministrane i EU.
Tysdag avslørte VW at det er avdekt juks med CO2-utsleppstal for 800.000 bilar, av dei 200.000 som rullar rundt på tyske vegar.
I brevet ber Müller finansministrane om å sende CO2-rekningar direkte til VW, uansett kor stor administrativ oppgåve det måtte vere for dei. Han nyttar i brevet anledninga til å forsvare det forseinka svaret frå selskapet på korleis CO2-testar har blitt juksa med, og seier det er som følgje av «kompleksiteten i saka».
VW har no etablert eit døgnope fleirspråkleg rådgivingskontor som kan svare på spørsmål frå folk om saka, legg han til i brevet. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.