Klargjør siden...
Annonse

VW: Nyare versjonar av dieselmotor ikkje berørt

(NPK-NTB-AFP): Volkswagen seier at utsleppsjukset som er avslørt, ikkje gjeld bilar selde i Europa med ein nyare dieselmotortype enn juksemotoren som allereie er kjent.

VW-konsernet uttalte torsdag at dei undersøkte om EA 288-motorar også er blitt utstyrte med programvare som viser lågare utslepp i testar enn dei reelle utsleppstala.

Selskapet har kome til at ein del tidlege versjonar av EA 288-motorane som er selde i USA, har programvara som viser lågare utslepp, men ikkje dei som er selde i Europa.

Ingen EA 288-motorar, enten det dreier seg om Euro 5- eller Euro 6-versjonar, som er selde i Europa, har den ulovlege programvara, ifølgje VW-talsmann Pietro Zollino.

EA 288-motortypen er etterfølgjaren til EA 189-motorane. Dieselmotorar av typen EA 189 finst i rundt 11 millionar køyretøy frå VW, og det er denne motortypen som var utgangspunkt for utsleppsjukset. (©NPK)

Annonse