Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-AFP): Volkswagens direktør Matthias Müller antydar at det kan bli heilt slutt på bruken av dieselmotorar etter avsløringa av utsleppsjuks i fjor haust.
npk@npk.no
Publisert: 21.06.2016 kl 12:25
– I etterkant av hendingane må vi spørje oss sjølv om vi ønskjer å bruke meir pengar på ei vidareutvikling av diesel, seier Müller til den tyske avisa Handelsblatt. Vidare lovar han at VW vil ta ein grundig kikk på problemet.
Mueller peikar mot at ei tøffare lovgjeving av utslepp vil tre i kraft i 2020.
– Vi har ei aning om kva som vil skje framover i dei neste fem til ti åra, seier han.
– Det er allereie i dag klart at handtering av eksosutslepp vil bli kostbart og omstendeleg, fortset Mueller.
Samtidig vil elektrisk kraft bli billigare, seier han, men påpeiker at dieselteknologi framleis er veldig populær rundt om i Europa og i Tyskland.
I september i fjor vart det avslørt at VW hadde installert programvare for utsleppsjuks i minst 11 millionar dieselmotorar verda rundt. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.