Klargjør siden...

WADA ber amerikanarane etterforske dopingskuldingar

(NTB-Reuters): Verdsantidopingbyrået (WADA) ber amerikanarane undersøkje dopingskuldingane mot fleire baseball- og fotballspelarar som er komne fram i ein ny dokumentar.

WADA skildrar påstandane tv-kanalen Al Jazeera legg fram i ein ny dokumentar som «urofulle», og byrået håpar på meir samarbeid med dei nasjonale ligaene i amerikansk fotball (NFL) og baseball (MLB).

Al Jazeera hevdar i sin dokumentar at fleire amerikanske idrettsutøvarar skal ha nytta seg av veksthormon. Blant spelarane som blir nemnt, er Denver Broncos quarterback Peyton Manning. Manning har nekta for skuldingane. Før dokumentaren vart sendt la kjelda til tv-kanalen ut ein video der han trekkjer tilbake alle skuldingane. Likevel ønskjer WADA at det heile skal undersøkjast nærare.

– Påstandane frå al-Jazeera er svært urofulle, spesielt sidan dei viser til dopingtestane til NFL og MLB, seier WADA-sjefen David Howman i ei fråsegn.

– WADA ventar at skuldingane blir undersøkte. Og dersom det trengst, at dei nødvendige tiltaka blir tatt, fortset Howman.

MLB har sagt at dei vil etterforske påstandane om at fleire spelarar skal ha nytta seg av det ulovlege veksthormonet Delta-2.

I NFL vart bruk av veksthormon forbodne i 2011, men ingen spelarar vart testa for stoffet før i 2014. (©NPK)

Annonse