Klargjør siden...
Annonse
Annonse

Walisisk landslagsspelar har fått kreftdiagnose

Den 24 år gamle Bournemouth-spelaren David Brooks har fått diagnostisert ei aggressiv form for lymfekreft.

Det opplyser klubben på Twitter-kontoen sin.

Den walisiske landslagsspelaren har i ei fråsegn sendt vidare av klubben opplyst om at det er Hodgkin lymfom han har fått konstatert, og at han er på nivå to i spreiing.

Krefttypen er svært aggressiv og spreier seg raskt og ukontrollert.

– Dette er ei utruleg vanskeleg melding for meg å skrive. Eg har vorte diagnostisert med lymfekreft og vil starte behandling neste veke, seier Brooks.

Han er likevel optimistisk om ein retur til fotballbanen sjølv om han no går i gang med kamp mot sjukdommen.

– Sjølv om dette kom som eit sjokk på meg og familien min, er prognosane gode og eg er sikker på at eg vil bli heilt frisk igjen, seier han vidare.

Han legg òg ved ein spesiell takk til det medisinske apparatet på landslaget Wales, som oppfatta teikna på sjukdommen.

– Eg ser fram til å sjå dykk og drive sporten eg elskar veldig snart, skriv han.

(©NPK)

David Brooks har fått konstatert lymfekreft. Foto: Mike Hewitt / Pool Photo via AP / NTB