Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Hekkeløpar Karsten Warholm vann klart med tida 46,76 på 400 meter hekk i NM på Jessheim. Kongepokalen er nærast sikra, og ekspertane riv seg i håret.
Publisert: 06.07.2023 kl 20:14
– Det er noko av det verste eg har sett i NM-samanheng, sa NRKs kommentator Jann Post.
– Eg er tilbøyeleg til å vere samd, sa Warholm sjølv til NRK.
46,76 er Warholms fjerde raskaste tid.
27 år gamle Warholm sesongopna med 46,52 og årsbeste i verda under Bislett Games i midten av juni. Det var hans nest raskaste tid nokosinne.
Verdsrekorden held han sjølv. Den vart sett i OL i Tokyo med tida 45,94.
Han nærmar seg 45-talet igjen.
– Vi kan byrje å drøyme om det, sa 27-åringen.
Det skal mykje til om ikkje Warholm får sin sjette kongepokal. Ingen menn har fleire enn det i historia. Sverre Strandli og Andreas Thorkildsen har også seks. På kvinnesida står Grete Waitz med sju.
– Det blir krevjande å ta kongepokalen for dei andre, sa NRKs ekspert Vebjørn Rodal.
I kvinneklassen var Andrea Rooth overlegen og tok det første NM-gullet sitt på 400 meter hekk. Med tida 56,38 noterte ho seg ein klar personleg rekord. Den gamle tida var 57,19.
– Det var dødsgøy! Eg gjekk inn her med ei innstilling om at eg ønskte å gjere det bra, sa Rooth til NRK.
Rooth vann føre Elisabeth Slettum (57,62) og Nora Kollerød Wold (57,89).
(©NPK)
Karsten Warholm under internasjonal pressekonferanse og jordbærparty dagen før Bislett Games. Foto: Beate Oma Dahle / NTB