Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Golden State Warriors-stjerne Stephen Curry leidde den regjerande NBA-meisteren til 123-109-siger over Los Angeles Lakers i sesongopninga tysdag.
Publisert: 19.10.2022 kl 07:32
Curry skåra 33 poeng i kampen og sikra ein god start på sesongen med siger over LeBron James og lagkameratane hans. James og Anthony Davis bidrog med høvesvis 31 og 27 poeng, men kunne ikkje stoppe Warriors frå å vinne på heimebane i San Francisco
Før kampen hadde Warriors ein seremoni for å feire fjorårstittelen. Der kom Curry med støtte til Brittney Griner på hennar 32-årsdag. WNBA-stjerna Griner vart arrestert på flyplassen i Moskva tidlegare i år, og 4. august vart ho kjend skuldig i narkotikasmugling og dømt til ni års fengsel.
Ankesaka startar seinare i oktober.
– Det er 243 dagar sidan ho vart feilaktig fengsla i Russland. Vi håpar at ho kjem heim snart, sa Curry.
Jayson Tatum og Jaylen Brown bidrog med 35 poeng kvar då Boston Celtics slo Philadelphia 76ers med 126–117.
Tatum og Brown er Celtics' aller største stjerner, og natt til onsdag norsk tid viste dei grønkledde frå austkysten at dei kan bli å rekne med også denne sesongen. I tillegg til å skåre 35 poeng, bidrog Tatum med fire målgivande pasningar og fanga tolv returar.
Boston-laget tapte NBA-finalen for Warriors sist sesong, og er av mange rekna som ein tittelutfordrar også i år.
76ers-stjerna James Harden sette også 35 poeng, men det heldt ikkje for gjestene. Joel Embiid skåra 26 poeng i kampen.
(©NPK)
Stephen Curry leidde Golden State Warriors til siger over Los Angeles Lakers. Foto: Jeff Chiu / AP / NTB
Jayson Tatum herja for Boston Celtics i sigeren over Philadelphia 76ers tysdag. Foto: Charles Krupa / AP / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.